John Osnes ringjer lokalavisa for å tipse om at snøen framleis ligg på Skithylla.

- Når eg ser mot Hasundhornet ser eg at snøen framleis ligg på Skithylla, seier han.

Osnes kan ikkje hugse at snøen har ligge så langt ut i juli før. Vikebladet Vestposten har vore i kontakt med fleire turgåarar som har sett snø på fjellet siste dagane.

I går melde NRK at isbreane trivst godt med den kalde sommaren. Hallgeir Elvehøy, glasiolog i Noregs vassdrags- og energidirektorat, sa at breane har mykje betre forhold i år enn dei siste par åra.

Men no melder meteorologane om at varmen kjem, så då spørst det korleis det går med snøflekkane på fjella i Ulstein og Hareid.