Mykje nedbør den siste tida har sørga for at det har vore vanskeleg før bøndene i distriktet å få unna førsteslåtten. At det tok såpass lang tid før vêrgudane gav grønt lys, førte til dagar med mykje spaning for Jostein Flø.

– Det har vore fole spanande. Eg slo på måndag for litt over ei veke sidan, og det hadde vel regna heilt fram til helga før, men så tørka jo det veldig fort opp att, forklarar Jostein Flø og legg til at ein helst ikkje bør slå medan det framleis er blautt i marka.

– Å slå når marka er våt er ikkje noko ein ønskjer, for å køyre på våt mark er det verste ein kan gjere. Då øydelegg du ho, seier Jostein Flø.

To veker for sein

Når den ideelle tida for å gjere unna førsteslåtten varierer frå år til år, avhengig av temperaturane. Men det er ingen tvil om at det kom noko seint i år.

– Eg vil vel seie at årets førsteslått kom om lag 10–12 dagar etter at eg vanlegvis slår, stadfestar Erling Ove Flø.

– Når veit ein at det er klart til å slå?

– Det ser ein når det kjem blomsterstand på timoteien, som er eitt av grasslaga. Når ti slike timoteistrå skyt per kvadratmeter, då er det ideelt å slå om lag ei veke framover i tid, forklarar Erling Ove.

Ikkje noko krise

Både Erling Ove og Jostein er så å seie ferdig med den første slåtten.

– Her på Flø er i alle fall i seinaste laget. Det er så mykje vind så det kan ofte vere litt seinare enn andre plassar. Etter den ideelle perioden så vert det mindre energi i graset for kyrne og det blir mindre kjøt og mjølk, utdjupar Erling Ove.

Og når slåtten først starta, så gjekk det radig føre seg.

– Eg fekk hjelp av sonen min, Jonas, så det har gått fole fort i år. Så det var kjekt at eg fekk med meg ein medhjelpar. Utan han så hadde eg nok ikkje vore ferdig enno, seier Jostein.

På Flø reknar Erling Ove med at om lag 95 prosent av graset allereie er i hus etter førsteslåtten. Sjølv om det tok litt tid før alt gjekk i orden, har ikkje Erling Ove mista nattesøvnen.

– Det blir ei litt mindre avling enn i fjor, men for min del er det ikkje noko krise. Det gjekk no bra til slutt, med vêret, så eg er eigentleg nøgd eg, seier han optimistisk.