- Det er sjeldan same parti har ordføraren i to periodar på rad i Ulstein. Vi trur Arbeidarpartiet, med Magne Grimstad jr., har gode kort på handa før valet til hausten, men vi skal samstundes innrømme at dette er ein av dei mest uvisse kommunane når det kjem til kven som vinn ordførarposten, fortel PR-manager Mikael Mellqvist i Bettsson.

Spelselskapet har odds ute på over 50 kommunar, og skal fylle på til samlege kommunar er representerte, i god tid før valet.

- Vi traff på 80 prosent av ordførartipsa våre i 2011, og trur på det same talet no. Men Ulstein kommune er ei vanskeleg nøtt, meinar oddssetjarane, og dreg fram toppkandidatane Magne Grimstad jr, som har fått ein odds på 1.85, Ulstein Høgre sin kandidat Heidi Strand, med 2.40 og noverande varaordførar Knut Erik Engh (Frp), som har fått 4.00 i odds.

- Smigrande

Magne Grimstad jr. sjølv får høyre om tala til Betsson, og fortel at han har tru på partiet sitt framføre valkampen i haust.

- Det var jo litt smigrande å høyre då. Det er nok likevel eit resultat av alt skal veddast på, at alt er mogleg å satse på. Vi har ein poositivt driv på landsbasis, i heile partiet. Det vil alltid vingle mellom dei største partia på høgresida. Det er det oddsen synleggjer, seier Grimstad jr. og legg til:

- Eg har ikkje heilt sansen for det kommersielle aspektet ved slike veddemål, men det er sjølvsagt flatterande. Betsson seier med dette at Arbeidarpatiet har gode sjansar til hausten, det er jo det vi jobbar for. Elles så var dette meget godt agurknytt, seier Magne Grimstad Jr. og flirer.

Agurksak eller ei, her er den komplette oddslista over ordførarkandidatane i Ulstein:

Magne Grimstad jr. (Ap) - 1.85

Heidi Strand (H) - 2.40

Knut Erik Engh (Frp) - 4.00

Pål Grødahl (V) - 17.50

Steinar Torvik (Krf) - 22.00

Morten Feiring (Sv) - 40.00

Lisa Mari Breivik Anderson (Sp) - 90.00

Kristine Røren (Partiet De Kristne) - 250.00