– Vi er ikkje ein forretningsbank, vi gjev overskotet vårt tilbake til lokalsamfunnet, fortalde banksjef i Sparebanken 1 Søre Sunnmøre i Ulsteinvik, Lillian Breivik.

Representantar frå fleire av idrettslaga og korpsa i Ulstein og Hareid tok turen til banken i Sjøgata torsdag i førre veke, for ein liten presentasjon av banken sitt område for prosjektmidlar, og for sjølve utdelinga av prosjektmidlar for 2015.

Banken, som etablerte kontor i Ulsteinvik i 2006, har i år eit gåvefond på 4 millionar kroner til allmennyttige føremål. Banken deler også som sagt ut prosjektmidlar, på mellom 10.000 kroner til 200.000 kroner per prosjekt.

Delte ut over 250.000 kroner

I år fekk desse laga og korpsa delt ut prosjektmidlar:

Hasund og Dimnøy skulekorps, med 40 aktive korpsmedlemmar og 16 nye rekruttar, fekk 25.000 kroner til nye notemapper og uniformer.

Dimna velforening fekk heile 50.000 kroner i støtte til ein ny ballbinge.

Hareid skulekorps, som har 22 aktive medlemmar i hovudkorpset, søkte om midlar til nye genserar og jakker, og fekk 30.000 kroner til dette.

Hareid IL – fotball søkte om pengar til eit forprosjekt, der ein vil greie ut korleis ein ny kunstgrashall kan sjå ut. Dei fekk i alt 50.000 kroner til dette forprosjektet.

Haddal IL, idrettslaget med suverent størst deltakarprosent i forhold til innbyggjarar, fekk nøyaktig 26.500 kroner av banken, som skal gå til 85 flunkande nye drakter. Det er 81 aktive med på dei ulike laga i klubben, men det kan vere greitt å ha nokre ekstra, fortalde representanten for klubben, Gunnar Ringstad.

Ulsteinvik skulekorps fekk 30.000 kroner til eit rekrutteringsprosjekt, ein tur til Italia.

IL Hødd trimgruppa, ved Lindor Skeide, fekk 30.000 kroner for utbygging gangvegar i fjellet samt gatelys langs gangvegane.

Haddal musikkorps fekk 20.000 kroner, som skal gå til å dekke noko av jubileumskonserten i høve korpset si 40-årsmarkering.

Etter utdelingane fekk dei frammøtte god underhaldning, i form av 16 år gamle Emma Warholm Myrene, som song Sam Smith sin hit «Stay With Me», og «Mitt Lille Land» av Ole Paus.