No har ikkje Hareid gått aktivt inn for eit slikt vedtak i sin kommuneplan, men det grøne lyset for Herøy kommune sitt vedtak gir håp, meiner han.

- Kommunalminister Jan Tore Sanner leverer god politikk og klarar å skilje mellom Oslofjorden, Sørlandet og resten av vår vidstrakte kyst som slettes ikkje er nedbygd. No burde det vere mulig å byggje seg tidsretta naust til dagens behov og båtar. Ser fram til revidering av kommuneplanen i Hareid kommune, seier Hareid-ordførar Anders Riise (H).

Det seier han etter at kommunal- og moderniseringsdepartementet har sett godkjent-stempelet på Herøy kommune sin vedtak av arealdelen av kommuneplanen for 2013-2015. I vedtaket går det fram at det blir opna for naust med storleik til og med 60 kvadratmeter bruttoareal.

Lite arealpress på Sunnmøre

- Dette var ein enkel avgjerd, seier Jan Tore Sanner til Sunnmørsposten.

Grunnen til at Hareid-ordførar Anders Riise nemner skiljet mellom Oslofjorden, Sørlandet og resten av landet, er at det er laga statlege retningsliner, som skal gi ein peikepinn på kor pressa dei ulike områda er for areal. Sunnmøre kjem i kategorien lite press. Kommunalministeren skryt samstundes av Herøy kommune, som over tid har handtert nettopp naustbygging på ein god måte.

Fire andre kommuner i Møre og Romsdal har sagt at dei ønskjer ei liknande godkjenning, Sandøy, Vestnes, Sula og Sande.