I går blei det kjent at Ulstein kommune si lånsgjeld er den høgaste av kommunane i Møre og Romsdal sett i lys av driftsinntekter. Dette kunne ein sjå i den årlege rapporten frå fylkesmannen om utviklinga i kommunane. Dette kjem ikkje som ei overrasking, skal ein tru rådmann i Ulstein kommune, Einar Vik Arset.

– Det er ei kjent sak både blant innbyggjarar og folkevalde i Ulstein kommune. Så tala er inga overrasking, seier Arset.

Investeringane gir inntekt

Arset viser til at Ulstein har gjort mange store investeringar dei siste åra for å forklare dei problematiske forholdstala, men meiner at det no snart er stopp på dei største utgiftene.

– I motsetning til kommunar som Volda og Ørsta, har vi gjort unna investeringar i god tid framover. Nabokommunane våre har mange og store byggeprosjekt i støpeskeia. Det er utgifter som vi slepp i tida framover, seier Arset.

Han meiner også at ein må skilje mellom gjeld med inntekter, og gjeld utan inntekter, for betre å forstå tala.

– Det fine med investeringane som har blitt gjort i Ulstein kommune, er at mange av dei gir inntekt. Ulsteinhallen blir nærast fullt ut finansiert av fylkeskommuna gjennom Ulstein vidaregåande skule, Høddvoll stadion blir leigd ut til Hødd og fullfinansiert av IL Hødd. Omsorgsboligane både i Holsekerdalen og i Sjøgata blir betalt av leigetakarar. Så tala er høge, men ikkje så dramatiske, seier rådmannen.

Nedgang i oljebransjen

Vidare viser han til nedgangen i oljebransjen som ein av faktorane som påverkar den økonomiske situasjonen i kommunen.

– Vi har vore ei relativt skattesterk kommune, men ser no fram i mot ei meir labil inntektsperiode. Vi trur at veksta vil avta ein god del på kort sikt. Dette mykje på grunn av at oljebransjen er inne i ei tøff periode, og næringslivet vårt er i stor grad dreve av oljeprisane. Så vi får håpe for Ulstein kommune sin del at konsolideringa i oljebransjen ikkje blir langvarig, seier rådmannen.

Sterk folkevekst

Ein annan av faktorane som Arset peikar på, er den sterke folkeveksta i kommunen. Dette er også godt dokumentert i rapporten frå fylkesmannen, som viser at Ulstein i forhold til innbyggartal har den prosentvis nest høgaste auka i folketal i fylket. Ulstein har hatt ei auke på over 10 prosent dei siste ti åra.

– Ulstein er blant dei kommunane som har sterkast folkevekst. Veksta er sterkt knytt opp mot sysselsetting, og mange av desse er utlendingar som truleg har ein lavare terskel for å flytte når det buttar imot, seier Arset.