Teknisk utval i Ulstein kommune vedtok etter ei synfaring samrøystes at Island Offshore får leggje inntil tre offshorefartøy i opplag på Indre Saunes fram til 1. juli 2016.

Utvalet meiner at tiltaket ikkje vesentleg vil setje til side dei omsyna som ligg til grunn for reguleringsplanen der arealet er avsett til hamneområde i sjø, dvs. at ein viss skipsaktivitet må kunne påreknast.

Dei ser at det kan vere visuelle ulemper for omgjevnadene, men meiner fordelane for det lokale reiarlaget har ved å ha skipa liggjande i dette området er klart større enn ulempene for naboane.

Utvalet set vilkår om at bruk av lys på skipa må vere på eit absolutt minimum. Fartøya skal tilkoplast landstraum og motorar skal i hovudsak vere avslått. Og dei må ha eit døgnbemanna vektnummer.