Ulstein kommune er inne i eit prosess der dei vurderer å trekkje kommunen ut av Søre Sunnmøre Landbrukskontor. På det viset vil dei få frigjeve pengar dei kan bruke på å styrkje teknisk etat.

I midten av juni hadde representantar frå Ulstein kommune dialogmøte med landbrukskonteret. Etter det møtet har dei tilsette ved Søre Sunnmøre landbrukskontor sendt brev til rådmannen i Ulstein kommune om sitt syn i denne saka.

Historisk gjennomgang

I brevet går landbrukssjef Anne Kathrine Løberg og staben hennar igjennom historikken for det interkommunale samarbeidet mellom Ulstein, Hareid og Herøy. Det felles kontoret vart starta 1. juli 1990 for å utføre dei statlege jord- og skogsbruksoppgåvene i dei tre kommunane.

I tillegg kjøper Sande kommune skogforvaltningstenesta av Søre Sunnmøre Landbrukskontor.

Alternativ organisering

Dei tilsette meiner at ein bør vurdere å endre organisasjonsforma frå interkommunalt selskap til vertskommunemodellen som alternativ til å trekkje Ulstein kommune ut av samarbeidet. Då blir mynde overført frå eit styre til rådmann, og ein får enklare og meir effektiv sakshandsaming.

– Tener på samarbeid

Dei tilsette ved landbrukskontoret meiner at tenestene blir betre ved at kommunane samarbeidet. Dei viser til at dette også blir gjort innan IKT og barnevern.

– Etter vårt syn fører kommunalt samarbeid til eit betre tenestetilbod, styrka kompetanse og auka effektivitet samt at landbruksforvaltninga i kommunane vert mindre sårbare. Når det landbruksfaglege miljøet for fleire kommunar vert samla i eit felles kontor vert fagmiljøet større, sterkare og meir robust, skriv dei.

Dei viser også til at kommunane no er inne i eit debatt om kommunereformen. Eigarkommunane til landbrukskontoret skal innan juni 2016 ta stilling til ein eventuell ny kommunestruktur. Trekkjer Ulstein kommune seg ut av Søre Sunnmøre landbrukskontor raknar samarbeidet. Om kommunane så vel å slå seg saman, må dei sjå på organisering av kontoret igjen.