Då Hanne Brekke skulle sjå til shetlandsponnien Zorro som stod bunden utanfor huset deira på Bigset, var den vesle hesten sporlaust borte. Ho og sambuaren Erlend Keiserås har leita høgt og lavt etter Zorro, utan resultat.

- Det er nesten utruleg at nokon skal ha stole hesten, men kva skal vi tru? Leietauet som Zorro stod bunden i var ikkje slite av, det verkar som nokon har knytt opp knuten, seier Erlend Keiserås.

Ettersom hesten ikkje er av dei største, er det i praksis mogleg å transportere dyret bort ved hjelp av ein liten varebil.

Zorro har inntil nyleg gått saman med andre hester på Nesset, men då dei reiste bort på beite vart shetlandsponnien henta heim til Bigset der han har fungert som "plenklippar". Han har nettopp blitt operert, så eigarane tykte det var greitt at dei fekk ha ekstra godt tilsyn til Zorro i påvente av at han skulle bli betre.

Keiserås seier at Zorro er tillitsfull og at han søkjer selskap. No håper hesteeigarane at Zorro vil dukke opp att. Dersom nokon har sett hesten eller veit om kvar han kan ha blitt av, kan ta kontakt med Erlend Keiserås eller Hanne Brekke.

Det er elles lagt ut ei etterlysning på Facebook.