Torsdag var det varmt og godt i Ulstein og Hareid. I Solsida i Haddal viste gradestokken 30 gradar i skuggen. Småbarnsmora Lill Marit Baade tappa i badebassenget til borna, men vatnet var så brunt og ekkelt at ho ikkje ville la ungane bade, i fare for at det var helseskadeleg.

Ønskjer tips

Arne Runar Vik som er kommunalsjef for teknisk i Ulstein kommune svarer at viss abonnentar har brunt vatn er det fint om kommunen får vite kva eigedom(mar) det gjeld for å sjå kva dei kan gjere for å betre situasjonen (utspyling av nett).

- Normalt skulle vatnet bli klarare i dette området etter omkoplinga i Haddal med Garnesvatnet til Eiksund. Årsaka er mindre vassmengde ut frå vassbehandlingsanlegget på Moldskred og dermed rolegare vatn i nettet, forklarer Vik.

Må byggje trykkaukestasjon

Før Solsida og Ringstaddalen kan koplast til Garnestvatnet, må kommunen byggje eit trykkaukestasjon. Planen var å få gjort dette i 2015, men no varslar Vik at det ikkje er realistisk at dei kjem i mål før nytår. Konsulenten deira har prosjektert trykkaukestasjonane og innhenting av tilbod for utføring etter sommaren. No reknar kommunen med at ferdigkopling og tilkopling til Garnesvatnet skjer på nyåret 2016.

Ikkje helseskadeleg

Kommunalsjefen forsikrar at alt drikkevatn i Ulstein kommune er underlagt nøye kontroll med vassprøvetaking og analyse etter fastlagt frekvens. Om det skulle vise seg at vassprøver viser avvik, sett dei umiddelbart i verk tiltak.

Det vart teke ein prøve 23. juni, og då såg alt normalt ut.

- Det skal ikkje vere helseskadeleg å drikke vatnet, heller ikkje å bade, avsluttar Arne Runar Vik.