Arbeidsløysa er på veg oppover, syner tal frå Nav.

- Rett nok stig både faktisk arbeidsløyse og arbeidsløysa korrigert for normale sesongsvingningar noko, men noko stor auke ser vi førebels ikkje, seier fylkesdirektør Stein Atle Veland som syner til at arbeidsløysa i Møre og Romsdal framleis er klart lågare enn for landet sett under eitt.

Fylkesdirektøren seier også at juli vanlegvis er ein månad med relativt mange ledige, noko som sikkert vil syne att i år også.

Det siste året har Ulstein fått 53 fleire ledige. Det er i alt 119 ledige i kommunen no, 79 menn og 40 kvinner, noko som utgjer ei arbeidsløyse på 2,7 prosent.

Les også: Rigga for dårlegare tider

Hareid har med sine 4,2 prosent den største prosentvise arbeidsløysa på søre Sunnmøre. I Hareid er det i alt 114 ledige, 73 menn og 41 kvinner. Dette er 11 fleire enn på samme tid i fjor og fem fleire enn førre månad.

I Herøy er det i alt 109 ledige, noko som utgjer ei arbeidsløyse på 2,4 prosent. Her er det 50 arbeidsledige menn og 59 arbeidsledige kvinner. Herøy kan elles notere seg for ein tilbakegang i arbeidsløysa. I høve til førre månad er det 17 færre utan arbeid og i høve til samme periode i fjor er tilbakegangen på 32 ledige.

Sande har ei arbeidsløyse på 2,7 prosent. Dette utgjer i alt 37 ledige, av desse 21 menn og 16 kvinner. Det er fem fleire ledige enn i høve til førre månad og 10 fleire enn for samme periode i fjor.

I Vanylven er det i alt 33 ledige, fordelt på 24 menn og 9 kvinner. Dette er 2 prosent av arbeidsstokken. Det er fem færre ledige den siste månaden, men ni fleire i høve til fjoråret.

I Volda og Ørsta ligg arbeidsløysa på høvesvis 2,0 og 2,2 prosent. Volda har i alt 92 ledige, 61 menn og 31 kvinner, medan Ørsta har 121 ledige, fordelt på 74 menn og 47 kvinner. Volda har hatt ein auke i talet på ledige på 23 den siste månaden og 25 i høve til samme periode i fjor, medan Ørsta har fått 11 fleire ledige den siste månaden og 18 fleire i høve til samme tid i fjor.