Rakel Dyrhaug ville ha ungane til å rope på Geirr, og dei ropte så det ljoma. Han kom springande gjennom publikum og lurte på kvar Maurits var?

Om visesongaren fant Maurits Maur er usikkert, men dei rundt 200 borna og vaksne som møtte opp fekk ein barnetime med futt i. Utstyrt med gitar, mikrofon, bok og smittande engasjement, gav Lystrup ein barnetime som inneheldt song, høgtlesing og djupe kameratsnusar.

Om du ikkje veit kva ein kameratsnus er, får du spørre ein av borna som var til stades.