Leiteaksjonen etter shetlandsponnien Zorro frå Bigset vart i kveld kruna med hell. Zorro vart funnen omlag ein kilometer frå staden der han forsvann.

- Han hadde sett seg fast i eit tre. Vi fekk melding frå ein gardbrukar i Hovden som hadde funne hestelort i området, fortel Erlend Keiserås som saman med sambuaren Hanne Brekke har leita etter hesten i heile dag.

Det var seint i går kveld at Hanne Brekke oppdaga at hesten var borte frå staden der han stod bunden, like ved huset deira på Bigset. Eigarane trudde at nokon kanskje hadde bortført shetlandsponnien, og framleis tykkjer dei at ponniforsvinninga har eit noko mystisk slør over seg.

- Zorro har vandra avgarde med ti meter leietau etter seg, utan at dette har sett seg fast nokon stad på vegen, forklarer Keiserås som framleis ikkje anar korleis knuten på leietauet har blitt knytt opp.