Kanskje er det romvesenet på veggen på Fantehuset som har landa skipet sitt på graset? Det kan nesten sjå ut til at ein Hareidsmann fekk vitjing frå det ytre rom nyleg, etter dette mystiske avtrykket i graset ved heimen hans å døme.

Det syner seg at forklaringa derimot er svært enkel, han hadde hatt ståande eit leiketelt på same plassen i fjorten dagar, og med det fine vêret vi har hatt dei siste dagane hadde graset under bleikna med tida. Sommartid er agurknytt-tid, som ein seier.

Send oss dine feriebilete

Har du eit morosamt bilete frå sommarferien din, eller eit knips frå ein fin aktivitet eller tur du er på i sommar, send det til oss i Vikebladet Vestposten.

Bileta kan sendast på vår epost, redaksjon@vikebladet.no.