Sist veke møttest medlemmer i lokallaga til Unge Høgre i Ørsta, Volda, Ulstein, Herøy og Sande på Herøy rådhus for å slå seg saman til eitt storlag.

- Dette er eit langt steg på vegen mot ei eller fleire felles kommuner på Søre Sunnmøre og eit sterkt signal til vaksenpolitikarane våre, seier Elisabeth Myklebust Hide som er leiar for det nye storlaget Søre Sunnmøre Unge Høgre.

Ho fortel at Unge Høgre meiner at eit samla Søre Sunnmøre vil styrke lokaldemokratiet, og at fleire vil få auka påverknad over sin eigen kvardag og lokalmiljøet sitt.

- Større kommuner vil innebere meir kompetanse, og difor vil velferdstenester for alle vert sikra gjennom betre skular, pleie og omsorg og trygge barnehagar, trur Myklebust Hide.

Tre av dei som er i styret til Søre Sunnmøre Unge Høgre står også på liste til kommunevalet denne hausten.