Trass i flott natur og rikelege høve til å dyrke friluftlivets gleder, berre ei av kommunane på Søre Sunnmøre har vedteke å verte ei friluftskommune.

Då fristen for å melde seg på gjekk ut 30. juni hadde i alt 110 kommunar har gjort vedtak om å verte ei "Friluftslivets år"-kommune. Ved å gjere eit slikt vedtak er dei automatisk nominert til å vere med i kåringa "Årets friluftskommune 2015". Vinaren vert kunngjort når Friluftslivets år lakkar mot slutten.

Mellom kommunane på Søre Sunnmøre er det berre Herøy som er med i tevlinga.

For å verte ei "Friluftslivets år"-kommune må kommunen fatte vedtak om dette og arbeide for å gi friluftsliv auka merksemd. Dei må også oppnå varige resultat i form av auka deltaking i friluftsliv hos alle delar av folkesetnaden.

Det er fjerde gongen  at Årets Friluftskommune vert kåra. Tidlegare vinnarar er Ål (2009), Sandnes (2005) og Sandefjrod (2009).