Det er Sunnmørsposten som har samla saman prisar på ei standard undersøking, frå tannlegekontor på Sunnmøre. Mellom desse er dei tre kontora i Ulstein og Hareid. Sentrum tannklinikk i Ålesund ligg på botnen av lista, med berre 400 kroner for ei undersøking. Det skal likevel seiast at prisen er såpass låg grunna eit introduksjonstilbod for nye kundar. På toppen av lista finn ein Tannlege Sesilie Farstad, som også held til i Ålesund. Denne klinikken tek heile 1080 kroner for ei standard undersøking.

Ulstein og Hareid på øvre halvdel

Ser ein over til Hareidlandet plasserer dei tannlegekontora her seg på øvre halvdel av tabellen. Ved Ulstein tannlegesenter kan du få ei standard undersøking for 900 kroner, medan ei liknande undersøking ved Tannlege Turid Tranvåg kostar 980 kroner. Ved Tannlegene Øiestad og Hjelle på Hareid kostar ein slik time 1039 kroner, ifølgje hvakostertannlegen.no.