Av dei sakene Sunnmøre Konfliktråd har hatt så langt i år, er 14 av sakene frå Hareid og Ulstein. I desse to kommunene er vald, trugslar, skadeverk, økonomiske tvistar og tjuveri sakstypar som er representerte. Sakene fordelar seg på tre saker i Ulstein og 11 saker på Hareid.

Sjølv om det er mest valdssaker som vert henvist til konfliktrådet på Sunnmøre, men det er har det vore ei stor auke narkotikalovbrot og vinningskriminalitet. I begge desse to sakstypane er det henvist 15 saker hittil i år, mot 1 sak på same tid i fjor.

96 straffesaker

Det er òg stor auke i saker med truslar: frå 2 saker første halvår i 2014 til 15 saker hittil i år.

Skadeverk, økonomiske konfliktar, nærmiljøkonfliktar, familietvistar og krenkingar er andre sakstypar som også er representert på statistikken.

Det totale sakstalet på Sunnmøre er 96 straffesaker og 43 sivile saker.

På landsplan er det òg ei auke i talet på saker. 3876 saker hittil i år utgjer 421 fleire saker enn på same tid i fjor, ei auke på vel 12 %.

På landsplan har 160 ungdomar blitt idømt dei nye ungdomsreaksjonane. 134 har fått ungdomsoppfølging, medan 26 er dømt til ungdomsstraff.