– Det har alltid vore ein draum å starte min eigen kafé, seier Silje Knudsen, som skal drive den nye kaféen i Kjøpmannsgata.

Etter at Josefine nyleg blei lagt ned, har det vore spenning rundt kva som skulle skje neste.

– Alt har skjedd så fort. Eg fekk nyss i at det sto eit lokale ledig i slutten av mai, heiv meg rundt og tok over 1. juni. Så alt har skjedd på litt over ein månad, seier Knudsen.

Lidenskapeleg oppteken av kaker

Ho har lang erfaring med å bake kaker, og er lidenskapelig oppteken av å lage flotte kaker. Ho finn inspirasjon i såkalte vintage cakes, prangande bryllupskaker og amerikanske kaker.

– Eg er glad i fondantkaker, og likar figurforming og detaljert dekor. Kakene eg lagar er handarbeid, der eg formar kvart enkelt blad på rosa. Eg kan fort bruke 20 timar på ei kake. Så det er ikkje hurra-meg-rundt-kaker det er snakk om, ler ho.

Vil engasjere lokalmiljøet

Men det blir ikkje berre kaker. Ho skal drive kafé, og meiner sjølv at det er noko som ho vil trivast svært godt med.

– Dette passar meg perfekt, for no får eg stilt ut kakene mine samtidig som eg får drive kafé.

Ho vil gjerne få folk i Hareid ut, og engasjere både lokalmiljøet og næringa i området.

– Tanken bak er å engasjere lokalmiljøet, og få folk med på ting, om det er strikkeklubb, kurs eller andre ting. Vi har ein vegg der ein kan ha utstilling, eller henge opp andre ting som for eksempel tegninger som borna har laga. Eg har lyst til å samarbeide med folk og næring i området i staden for å konkurrere med dei, fortel ho engasjert.

Silje Knudsen skal drive den nye kaféen Kakeriet i Kjøpmannsgata. Foto: Privat