Vikebladet Vestposten har vore i kontakt med Trygve Berge, ein filmfotograf som har følgt Thorseth på fleire av turane hans. Han kan fortelje at Ragnar har blitt sjuk, og at ein for sikkerheits skuld no må taue Brattholm Havila til Shetland.

- Eg tek fly bort i morgon for å sjå til han. Han har ein følgebåt med seg, Hilding, som no tauar han til Out Skerries. Kor sjuk han er veit eg ikkje enno, men eg får sjå sjølv når eg får komt bort, seier Berge til Vikebladet Vestposten.

Det er også meldt stiv kuling til natta, nok ein god grunn til å gå inn til Shetland.