Båteigar Hans Kristian Velsvik fekk ein merkeleg telefon frå politiet søndags morgon.

- Politiet ringde meg og spurte: "eig du ein båt?", fortel Velsvik og legg til:

- "Ja" svara eg og sa at den låg på Skeide. Då fekk eg kontrabeskjed frå politiet, som sa at den no låg ved ei kai på Hareid.

Benda propell

Velsvik fortel at ein del av fiskeutstyret var borte, i tillegg til nokre «irriterande» skadar på sjølve båten.

- Propellen har blitt benda, så den må eg få retta opp, forklarar han.

Sjølv om personen som hadde teke båten fekk med seg ein del av fiskeutstyret, gløymde vedkomande også å ta med seg noko.

- Der låg igjen ei ganske flott jakke, som hadde passa godt på ein ung mann, skildrar Velsvik.

- Eg hadde håpa på at det skulle ligge noko i jakka, anten kvitteringar eller anna. Det plar ofte å ligge noko igjen i jakkelommene, men uheldigvis var der ingenting, held han fram.

Melder saka

Tysdag hadde 54-åringen enno ikkje fått noko vidare informasjon om saka, men han stadfestar at forholdet kjem til å bli meldt til politiet.

Likevel er båteigaren letta over at det ikkje gjekk så gale som det kunne ha gjort.

- Det gjekk no for så vidt greitt. Det er aldri kjekt når ting forsvinn, så det var kjekt at båten kom til rette igjen såpass kjapt, understrekar Velsvik.