Apple sin talestyringsfunksjon, Siri, tar også norsktimar for tida, men Google var først ute. OK Google blei gjort tilgjengeleg på norsk for 2-3 veker sidan, gjennom ein såkalla "soft launch". Det vil seie at ikkje alle funksjonane er heilt klare enno, men det kjem gradvis. Sentralt i arbeidet sit ulsteinvikaren Sjur Hatlø. Han har eineansvaret for at norsken i OK Google er som den skal.

– Det er meininga at alle funksjonar som er på Android-telefonen din skal kunne bli talestyrt, slår Hatlø fast.

I tillegg til at ein skal kunne kontrollere alle funksjonar på telefonen med norsk tale, jobbar dei ein del med kva telefonen skal svare tilbake.

– Vi jobbar ikkje noko med akkurat tale-delen av arbeidet, sjølve snakkinga, men vi genererer språket som blir lest inn i programmet av eit anna team.

11.000 måtar å skru av Wi-Fi på

Han prøvar å forklare den ufatteleg komplekse strukturen som står bak berre ein enkel kommando. Han fortel at for ein enkel funksjon som det å slå av Wi-Fi, fann dei 11.000 kombinasjonar i det norske språket som dei måtte ta høgde for.

–Målet er at ein skal kunne snakke med telefonen som ein snakkar med kven som helst, seier han.

I framstillinga tek han utgangspunkt i kommandoen "Send tekst til ". Dette kan ein utvide ved å seie "Kan du sende tekst til ", som igjen kan endrast til "Kan du sende ei melding til/ei tekstmelding til/ein sms til ". Eventuelt kan ein seie "Vennligst send ein SMS om at...". Og slik fortset det i talrike variasjonar. Hatlø anslår at det finst rundt 7000 variasjonar av tekstmeldingskommandoen.

– Talestyringsappen din skal i utgangspunktet kunne forstå alle moglege måtar å seie ein kommando på, forklarar Hatlø.

Skiftande ordstilling og komplekse mønster skapar ein enorm jobb for dei som skal utvikle programmet. I Norge er det også ei utfordring med lange namn og dobbeltnamn, for "roboten" har vanskeleg for å vite når eit ord er ferdig og når eit nytt byrjar.

Blei headhunta til jobben i Google

Hatlø er opphavleg medievitar, men jobbar ikkje så mykje med det no. Han blei headhunta til jobben i Google, gjennom kontakter han har skaffa seg gjennom dei siste 8 åra i San Francisco-området.

– Du må kjenne til dei grunnleggjande byggesteinane i språket. Utover det, såg Google etter ein som hadde norsk som sitt morsmål. Ein må kjenne det norske språket frå innsida, seier Hatlø om jobben han har gjort sidan september i fjor.

Han fortel om lojalitetsforholdet som Google er kjent for å etablere med sine tilsette. Lønna er ikkje nødvendigvis så god, men dei får betalt i frynsegoder. Det inneber at Hatlø et dei fleste av sine måltid på "Googleplex", som campusen i Mountain View blir kalla. Der et han gratis og med restaurantkvalitet.

– Det finst også småkjøkken med kjøleskap fylt av alt du kan tenke deg av snacks. Det er også biljardbord, bordtennis og "Arcade"-hallar der ein kan spele PacMan, Space Invaders og mange andre spel. Eg leverer all klesvasken min der, og klipper gjerne håret mitt i frisørbussen som køyrer rundt på campus, ramsar han opp.

Men han innrømmer at det ikkje blir så mykje tid til all moroa.

– Det finst ei forståing av at "greit, vi er ikkje her for å spele heile dagen" innad i Google. Ein slags sjølvjustis, seier han.

Likar seg

Jobben er prosjektbasert, så når han er ferdig med å utvikle OK Google, er han sannsynlegvis ferdig i Google.

– Alt som skjer etter Google blir nok sannsynlegvis ein nedtur, ler han.

Han har trivdes godt der, og seier det har vore ein meiningsfylt jobb.

– Det er fascinerande å vere med på eit slikt prosjekt som har betydning for veldig mange. Det er kult å ha vore med på å utvikle noko som folk kjem til å bruke, seier han.

* Ein tidlegare versjon av artikkelen kunne gi inntrykk av at OK Google var lansert i Norge. Det er ikkje tilfelle. Det dreier seg om ein såkalla soft launch, der kun nokon av funksjonane kjem på plass om gongen.

Sjur ved eitt av biljardborda i Googleplex. Foto: Privat