Plany AS er ei bedrift som i hovudsak leverer presenningar til maritim og marin næring. Dei held til i Haugsbygda i Sande kommune.

Bedrifta opna nyleg ei ny avdeling i den kenyanske byen Voi, om lag 15 mil nord for Mombasa.

Utveksling i Fredskorpset

Dagleg leiar Børre Waagan kom tilbake frå Kenya den 9. juli, etter å ha oversett opninga av dotterselskapet. Han er einig i at det er noko spesielt, og fortel historia bak det heile.

– Frå 2005 til 2006 budde eg og familia mi i Kenya i nesten eitt år. Vi var med i eit utvekslingsprogram gjennom Fredskorpset. Eg jobba i teknisk etat der nede, og kona mi, Monika, jobba som lærar. Samstundes blei to kenyanarar, maskiningeniørane Dixon Wikise og Viridianah Mwacharo, sende til Skodje. Då vi kom ned innsåg vi at det var lite å gjere. Det var lite midlar i kommunen. På si gjennomførte vi difor eit prosjekt, og bygde eit fiskeoppdrettsanlegg i samarbeid med Plany. Sidan har eg hatt eitt ønske om å etablere ei bedrift der nede, fortel Waagan.

Bygger jorddammar

Og no har det altså blitt gjort. Han fortel at han såg ein stort marknad for tekniske tekstilar der nede.

– Fiskeoppdretten dei driv er ved såkalla damoppdrettsanlegg. Jorddammar blir dekte med presenning og så fyller ein det med vatn og driv oppdrett.

Haugsbygd-bedrifta leverer presenningar til oppdrettskundar i Norge, Sør-Afrika og Asia, og ser no fram til å drive forretning i eit land med fleire titals tusen oppdrettsdammar.

Samarbeid med Norad

Etableringa har dei gjort i samarbeid med Norad. Norad er eit statleg bistandsorgan underlagt Utenriksdepartementet og Klima- og miljødepartementet, som skal sikre kvalitet i norsk bistand. Dei har ei tilskotsordning for stønad til næringsutvikling.

– Vi hadde nok ikkje klart det utan hjelp frå Norad og deira bedriftsretta utviklingshjelp, seier Waagan.

Etablering

På spørsmål om korleis det har gått den første tida svarar han:

– Det har vore svært krevjande i etableringsfasen av selskapet. Men dei som jobbar der nede har vi kjent i 10 år. Vi stolar på dei og har eit nært samarbeid. Dei var her oppe i Haugsbygda i fjor haust og fekk opplæring både i produksjon og korleis ein skal drive ei bedrift.

Per no er det 5–6 tilsette i bedrifta. Dei driv sjølvstendig forretning i Voi.

– Det er ei produksjonsbedrift, altså importerer dei råmateriale og produserer, for så å køyre presenningane vekk på store rullar, opplyser Waagan.

– God økonomisk vekst

Waagan fortel om både ulemper og fordelar ved å etablere seg i regionen.

– Oppsida er at det er god økonomisk vekst i Aust-Afrika generelt. Vi har ei målsetting om å ha 1 million dollar i omsetting i løpet av dei to første åra. Om det går, er det sannsynleg at det vil gi litt økonomisk gevinst her på Sunnmøre også, fortel han og fortsetter:

– Nedsida er at vi er tvinga til å ta ein del tryggingsomsyn. Det er ganske trygt der vi er, men Kenya grensar mellom anna til Somalia der situasjonen er litt ustabil med tanke på tryggleik. Så vi må snakke ein del om tryggleik. Men eg tenker at det ikkje blir verre av at vi etablerer oss her, seier Waagan.

Børre Waagan og Dixon Wikise viser fram den første presenningen som blei laga i Voi. Foto: Plany Ltd Kenya