Laurdag skriv Sunnmørsposten at lokalpolitikarar i Herøy den siste tida har "hamra laus på kvarandre" i lesarinnlegg både i Sunnmørsposten og lokalavisa Vestlandsnytt.

På Smp.no kan ein lese at ordførar Arnulf Goksøyr sin partifelle Richard Gjerde meiner det har utvikla seg ein ukultur i Herøy-politikken, mellom anna gjennom manglande openheit.

Det peikar også opposisjonen i Herøy kommune på, og Bjarne Kvalsvik frå Folkelista seier til Sunnmørsposten at ordføraren har feilinformert viktige opplysningar både frå talarstolen og gjennom media.

- På siste kommunestyre vedgjekk han at han dreg unna innkomne dokument frå registrering etter eiga vurdering. Etter kvart har tilliten til ordføraren vorte tynnsliten, seier Per Kristian Furø (AP) til avisa.

Sjølv meiner Goksøyr at det er lite som tyder på at Herøy blir drive som eit diktatur. Goksøyr er samd i ein del av kritikken som har kome mot han i samband med ordføraren si tidlegare rolle som styreleiar i Sunnmørsbadet. Til Smp seier han at han aldri vil ta på seg ei slik oppgåve igjen.

Ifølgje avisa har den manglande openheita i kommunen ført til at ein har måtte endre rutinene i Herøy kommune.

- Det er oppretta ei ny epostadresse til ordføraren der alt blir jounalført. Eg har kun tilgang til den gjennom fellessekretariatet. Eg håpar det er tilfredsstillande, seier Goksøy til Sunnmørsposten.