Fiskarar har lenge hatt unntak frå reglar til dømes handelsflåten har hatt. No vert krava utvida for fiskebåtar, skriv Fiskeribladet Fiskaren.

Fiskar Andreas Hansen ser fordelar med den nye sertifiseringa, berre det ikkje går for langt.

– Me får eit mykje meir medvite forhold til tryggleik. I staden for mange små sertifikat som du «veit er der», vil det vera rullerande sertifisering med ekstern revisjon, seier han til avisa.

Hansen håpar reglane ikkje har gått for langt, slik han meiner det har gjort andre stader. Han trekkjer fram oljebransjen som døme, der reglar som at ein må ha heile foten inne på trinnet i ei trapp, etter Hansens syn er parodiske.

I kommentarfeltet under artikkelen skriv nokre kritiske fiskarar at det er nok papirarbeid frå før.