I årsmeldinga som er levert til Brønnøysundregisteret, skriv styret blant anna at Kleven skal satse meir på andre skipstypar enn offshorefarty, og også på vedlikehaldsmarknaden for offshorefarty.

Det var nett.no som først skreiv om at Kleven no vil satse meir på vedlikehald og bygging av andre typer skip. Og saka har også blitt publisert i Maritime.no

Kleven har allereie eit stykke på veg lykkast i planane om å satse på andre typer skip.

Luksus-yachten dei har under bygging for Graeme Hart frå New Zealand, er snart klar for levering. I utgangspunktet var kontrakten på mellom 300-400 millionar kroner, men ekstrautstyr og endringar som har kome til undervegs, gjer at båten både har blitt dyrare og at leveringa har blitt utsett.

I november i fjor kom meldinga om at Kleven har inngått kontrakt på endå ein yacht. Ein luksusyacht på heile 116 meter av typen MT 5006 MKII ESV, designa av Marin Teknikk i Herøy. Også denne er kontrahert av Graeme Hart.

Les også: Ny luksusyacht

Les også: Sjøsetting