Gutekoret "Sølvguttene" vart stifta av Torstein Grythe i 1940. Han dirigerte koret fram til Fredrik Otterstad tok over i 2004.

Koret er ein institusjon i norsk sang- og musikkliv. Sølvguttene har motteke ei rekke nasjonale og internasjonale utmerkingar og koret har vunne prisen for beste ungdomskor i EBUs internasjonale korkonkurranse "Let the Peoples Sing".

75-årsjubileum

Sølvguttene feirar 75 år denne hausten og legg ut på to lange jubileumsturar. Den eine til Mørekysten og Sogn og Fjordane i august, den andre til USA i september, der dei skal halde konsertar i Washington, Philadelfia og New York.

Sølvguttene skal under leiing av dirigent Fredrik Otterstad framføre kjende perler frå korlitteraturen. Mozarts Ave Verum Corpus og Handeles Hallelujah står på programmet saman med kjende salmar og folketonar. Koret tek også ein tur inn i verda til Alf Prøysen.

I 2014 var det 100 år sidan Alf Prøysen vart fødd, og det vil Sølvguttene markere gjennom å framføre songar frå Jørn Simen Øverli, Henning Sommerro og Sølvguttene sin CD "Gull i munn".

Sølvguttene sitt forhold til Alf Prøysen strekkjer seg langt tilbake i tid. Koret framførte ofte visene hans på Barnetimen for dei minste i NRK, i tillegg til å spele inn ei plate med Prøysenviser.

Ti konsertar

Sølvguttene skal halde til saman ti konsertar på Sunnmøre og i Sogn og Fjordane. Med blir også Jørn Simen Øverli, song og gitar, og organist Jon Inge Sigerland.

Lokale barn og unge vil take del på nokre av konsertane.