I februar i år vart det klart at dei tre vestfoldkommunane Sandefjord, Stokke og Andebu vil slå seg saman til éin kommune. Det er den einaste kommunesamanslåinga som er vedteken sidan kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner (H) lanserte kommunereforma.

Sju kommunar har alt sagt nei til samanslåing og elleve kommunar er i sonderingsfasen. 344 kommunar er i den såkalla utgreiingsfasen, der ein greier ut internt i kommunen om og i så fall med kven ein vil slå seg saman.

– I mange kommunar er det berre sett i gang ein skinnprosess for å få til samanslåing. Dei forhandlar litt, for å stå fram som om dei speler på lag med styresmaktene. Men eigentleg satsar dei på at dette ikkje blir noko av, seier sosiolog Bjørn Egil Flø, som har forska på kommunesamanslåing ved Norsk senter for bygdeforsking til Dagens Næringsliv. Nyleg vart han tilsett ved Norsk institutt for bioøkonomi.

Flø trur heller ikkje at mange av dei 62 kommunane som no er i forhandlingar for å slå seg saman med nokon vil nå fristen til Jan Tore Sanner. Dei som slår seg saman innan juni 2016 får nemleg rause ekstratilskot frå staten. Bommar ein på fristen, får ein ingenting, skriv avisa.

– Alle dei 62 kommunane som forhandlar om intensjonsavtalar kjem heilt sikkert ikkje til å nå å bli ferdige innan fristen. Det vil i alle fall overraska meg stort. Men nokre kommunar er jo ivrige på samanslåing og kjem til å halda fram med forhandlingane etter fristen, seier Flø.