Då Zerlina Fonseca (13) og Ylva Jessen Djupvik (12) sat heime og kjeda seg før helga fekk dei ein lys idé – å samle inn pengar til eit godt formål.

– Vi hadde ingenting å gjere på. Så vi fekk lyst til å gjere noko for dei som ikkje har det fullt så bra. Då fekk vi ein idé om å gå rundt i området og samle inn tomme flasker som vi kunne pante, for å så gi desse pengane til Redd Barna, fortel Fonseca, som også har samla inn alle tomflaskene heime hos seg sjølv.

Årleg tiltak?

Før helga hadde dei to jentene samla inn 264 kroner til Redd Barna. Den gode kjensla to jentene har har fått av å samle inn pengar til dette føremålet har gitt meirsmak, og dei ser føre seg at dette kan bli eit årleg tiltak.

– Vi tenkte kanskje å ta ei ny runde i år, og kanskje også gjere dette kvar sommar framover, seier Djupvik.