Under ein kveldstur, fann Bjørn Refsnes frå Ulsteinvik ei død kanin i ein pose i fjøresteinane. Dette skriv NRK Møre og Romsdal.

– Det vi gjorde då var at vi tok den opp i ein ny pose og kasta den. Det var ei ganske ekkel oppleving, og eg er glad det ikkje var til dømes veslesystera mi som fann den, seier 14-åringen til NRK.

Dei tre turgåarane meiner at nokon kanskje kan ha hatt ein plan om å gi bort kanina, men tatt livet av den då det ikkje gjekk.

– Det er heilt motbydeleg at dei har gjort det slik i staden for å ta den med til veterinæren for å gjere det på ein meir human måte, fortel Refsnes til NRK.

NRK meldte først at det var snakk om ein hundekvalp, men endra det i ettermiddag til at det var ei kanin det var snakk om.