På Gåsneset på Ulstein vart det observert ein stor flokk med gjæser som hadde slått seg ned på ei mark like før Fløsvingane.

Arne Eiken var ute på sykkeltur då han sperra opp augene for grågjæsene.

– Eg kom syklande då eg såg heile flokken der borte, seier Arne Eiken og peiker ned mot jordet rett ved sjøkanten.

Han talde 80 stykk, men påpeiker at det er vanskeleg å telje. Han anslår at det kan ha vore snakk om opp mot 100 stykk i flokken.

Problematisk for bønder

Grågjæser kan vere eit problem for bønder. Blant anna på Haddal og på Dimna har bønder klaga over grågjæs som beitar, for så å drite på markane.