vikebladet.no skreiv i mai i år at World Wide Shipping hadde lagt to av dei i alt seks skipa sine i opplag. Dette var World Pearl og World Diamond.

I dag, torsdag, melder nett.no om knallraude tal:

LES Knallraudt:

World Wide Shipping har seks identiske PSV-ar som vart leverte frå Damen-verftet i Romania i 2013. Fjoråret var dermed det første heile driftsåret og det enda med at selskapet tapte 168 millionar kroner før skatt. Driftsinntektene enda på 253 millionar, og driftsresultatet var positivt med 24 millionar. Men finanskostnader på 228 millionar trekte ned, inkludert eit urealisert valutatap i 2014 på 117 millionar kroner.

I mai i år la selskapet dei to PSV-ana Diamond og World Pearl i opplag, og det vart sendt oppseiingsvarsel til 48 av mannskapet på dei NIS-registrerte båtane. Dei fire andre skipa går på langtidskontraktar for Petrobas i Brasil. Dette er kontraktar som varer til juni 2018, med opsjon på fire nye år. Skipa blir opererte av Herøy Management. Største aksjonærane no er J.O. Odfjell og Lundhs Labradorieeksport. Nordvestor Aktiv, Sydvestor, Frydenbø Invest, Hareid Elektriske og Gjerde Invest er blant aksjonærane.

LES: I Opplag:

LES: Nye aksjonarar: