Kyrkjevalet blir halde samtidig som kommunevalet, den 13. og 14. september. Ein stemmer både på kandidatar til bispedømmerådet, og til soknerådet.

Ulstein sokn si kandidatliste er prega av mange forholdvis unge kandidatar. Fem kandidatar er under 40 år, og snittalderen er rett under 50. Til samanlikning er ingen av kandidatane på Hareid under 40 år, og dei har ein snittalder på over 55.

På toppen av lista i Ulstein er 36 år gamle Knut Einar Tokheim. Til vanleg er han rektor ved Møre barne- og ungdomsskule i Myrvåg.

Brenn for dei unge

– Kvifor stiller du til soknerådsval?

– Det er fordi eg meiner det som skjer i kyrkjelyden er viktig. Det er noko eg kan tenke meg å engasjere meg i.

Tokheim har også vore engasjert i Kristen Idrettskontakt i området sidan 2007, og engasjerer seg for barn og unge i kyrkja.

– Kva er den viktigaste saka for deg?

– For meg handlar det mest om barne- og ungdomsarbeid. Det er det eg synest er det viktigaste.

– Kva håpar du å kunne endre med kyrkja slik den er i dag?

– Eg håpar vi kan få til eit litt meir heilskapeleg arbeid. Frå dei minste til dei eldste skal vi ha eit godt tilbod heile vegen. Det er mykje som er bra allereie, og så er det ein del vi kan gjere betre.

Tokheim er optimistisk med tanke på det nye soknerådet, og ser fram til eit eventuelt samarbeid med andre kandidatar.

– Det er mykje kjekke folk blant dei andre kandidatane, og eg trur at uansett korleis samansetninga blir, så kjem vi til å få eit spennande sokneråd.

Fleire unge kandidatar

Blant dei andre kandidatane finn ein Hennie Anett Viseth (31) på fjerdeplass, Susanne Gamlem (31) på sjuandeplass, Arne Sivertstøl (33) på åttandeplass og Karianne Sveen Orvik (37) på niandeplass.

Viseth seier det skal verte kjekt å engasjere seg i kyrkjelyden no når ho flyttar tilbake til Ulsteinvik med familien. Også ho har eit engasjement for barn og ungdom, samt unge vaksne i kyrkja.

– Kva håpar du å kunne endre med kyrkja slik den er i dag?

– Det å fortsette det gode arbeidet som allereie blir gjort, tenker eg er det viktigaste. Vidare tenker eg at det er viktig å ha gode møteplassar for barn og unge, og også unge vaksne.

– Kvifor stiller du til soknerådsvalg?

– Eg tenker det er ein sjanse til å vere med å prege eit miljø. Det er veldig godt allereie, men det å vere med og bidra er noko eg ser fram til.

– Har du nokre tankar om dei andre kandidatane?

– Ja, i den grad eg kjenner dei, tenker eg at det er solide kandidatar alle saman. Det ser veldig spennande ut, seier Viseth.

Her er lista:

1. Knut Einar Tokheim, rektor, Ulsteinvik, 36 år

2. Hannelore Måseide, pensjonert, Ulsteinvik, 73 år

3. Lars Osnes Fiskerstrand, operation controller, Ulsteinvik, 57 år

4. Hennie Anett Viseth, HMS-rådgiver, Ulsteinvik, 31 år

5. Annelise Kleven Godø, økonom, Ulsteinvik, 54 år

6. Peder Kristian Heimland, avd. led. Brisk bakeri, Eiksund, 54 år

7. Susanne Gamlem, frisør, Ulsteinvik, 31 år

8. Arne Sivertstøl, lærar, Ulsteinvik, 33 år

9. Karianne Sveen Orvik, ergoterapeut, Ulsteinvik, 37 år

10. Tørris Hegdal, vaktmester, Ulsteinvik, 64 år

11. Åse Synnøve Sandanger Nupen, pensjonert, Eiksund, 68 år

12. Liv Osnes Dalbakken, lektor, Ulsteinvik, 46 år

13. Ingvill Merete Kolshus Hopland, lege, Ulsteinvik, 41 år

14. Inger Margrethe Roppen, pensjonert, Ulsteinvik, 68 år