Dagleg leiar i Ulstein Eigedomsselskap, Rune Urke seier at det dreier seg om kloakknettet.

– Drens og kloakkavfall blir blanda, og det har kome kloakk i takrenner og slukar utvendig. Lukta blandar seg inn i ventilasjonsanlegget.

Han seier at ei løysing er på veg.

– Vi har snakka med teknisk etat som har lova å prioritere problemet, og få lagt om rørsystemet så fort som råd.

– Kvifor opplyste de ikkje om problemet då han flytta inn?

– Det kan du seie. Det er mange andre som har samme problem, men som ikkje synest det er så ille.

– Kjem han til å få tilbakebetalt leiga?

– Det får bli eit oppgjer mellom oss og omsorgsetaten.

– Så de meiner det er rett at han ikkje får tilbakebetalt?

– Enn så lenge meiner vi det er rett.

– Skjønar du at han føler seg lurt?

– Dersom han har hatt store problem, så skjønar eg det. Vi har lenge lurt på kva det var, og har innsett at noko må gjerast. Så løysinga er på veg.