I juni skreiv Vikebladet Vestposten om Constructers sal av leilegheiter i Foreininga på Geileneset, og tilhøyrande «etableringshjelp» opp til 400.000.

Selskapet blei dermed ståande både som utbyggar og som utlånar.

No reagerer Finanstilsynet på den kreative boliglånsløysinga.

Tipsa av «anonym bankmann»

Ein «anonym bankmann» har tipsa Finanstilsynet om saka, og spør seg om ein ikkje treng konsesjon for å drive med finansieringsverksemd. Dette skriv Dagens Næringsliv i dagens avis.

– Dersom Finanstilsynet kjem til oss og seier at dette ikkje er lov, må vi rette oss etter det. Den anonyme tipsaren oppnår sikkert det han ynskjer, seier dagleg leiar i Constructer, Glenn Thoresen, til DN.

– Vi tilbyr hjelp

Ifølge Thoresen er startlånet meint for dei som verken har ei mor eller ein far til å hjelpe seg, og meiner at kravet om eigenkapital har gjort at dei har tapt mange sal.

– Vi tilbyr hjelp med dei 15 prosentane som bankane krevjer, seier Thoresen.