Torsdag kveld tok ein patrulje frå Sunnmøre politidistrikt turen til øya Riste, som ligg like ved Kvamsøya for å sjekke ut ein båt som dei hadde mistanke om kunne koplast til eit båttjuveri på Humla i Ålesund.

- Politiet har kontroll på ein mann som blei møtt på øya, opplyste operasjonsleiar Tor Andre Gram Franck like etter klokka 20.00, og la til at politiet har eit godt håp om få kontroll på ein mann nummer to som var observert saman med denne personen.

Same båt

På Twitter opplyste politiet om at to menn er pågripne, og blir sett i arresten.

Ifølgje smp.no båten som vart funne vere den same som vart stolen på Humla i Ålesund tidlegare denne veka.

– Alt tyder på at dette er den stolne båten, men vi har ikke fått verifisert det enno, seier Franck til smp.no.

Den einaste måten å kome seg til Riste på er sjøvegen, ifølgje politiet.

Planlagt

Sunnmørsposten skriv at det er båten til Henrik Kjelstadli som vart stolen, og at tjuveriet av den 24-fots lange båten var nøye planlagt.

– Dei slepte båten min frå kai og brukte 10-15 minutt på å få start, fortalde Kjelstadli til smp.no.

Franck legg til at politiet har fått, og får, god hjelp av sivile og takkaa dei for hjelpa.