Totalt 85 nordmenn, i alderen 25-70, starta torsdag 16. juli på eit ritt frå Rådhusplassen i Oslo - med ein endeleg destinasjon i Frankrikes houvstad, Paris.

- Det var ei litt høgtidleg stemning på Rådhusplassen, der TV 2 var der og showa litt. Men vi var klare - vi ville og vi skulle. Så det var ein positiv energi frå gjengen om å kome i gang, fortel Svein Elde (63), som saman med Ottar Vattøy (57) og Arve Rise (60), alle frå Hareidlandet, som la i veg på den 170 mil lange sykkelturen.

Vattøy og Rise er framleis på ferie, og Elde deler derfor opplevingane sine på vegne av trioen.

Avviser Danmark-myte

Først av alt var fokuset til alle syklistane å kome seg ut av Oslo.

- I fjor var det til dømes ein uheldig person som måtte bryte like etter starten, ettersom ho gjekk ned i eit trikkespor og falt. Det er jo veldig keisamt, seir Elde.

Men etter kvart som syklistane kom seg ut på vegen, gjekk det radig føre seg.

- Turen til Larvik og vidare til Hirtshals i Danmark var veldig fin. Vi trudde jo at det skulle vere breie vegar og roleg terreng då vi kom til Danmark, men slik var det ikkje.

- Vi var vel innom eit dryss med gardstun og følgde naturen ogg op ned. Det vart eigentleg mykje jobbing i Danmark, så at det er eit heilt flatt land stemte ikkje, flirer Elde, som legg til at han trur dei to etappene i Danmark var dei hardaste for kroppen.

Sykla Champs-Élysées

Då Elde og dei 84 andre syklistane hadde lagt Danmark bak seg, vart det ein mykje meir behageleg tur - dersom ein ser vekk frå eit par stive rumper.

- Då vi kom til Tyskland så roa terrenget seg og alle hadde fått moduset i gang, og vi vart trygge på kvarandre. Vi var opptekne av å sykle føreseieleg, for andre, slik at alle skal føle seg trygge på kvarandre. Det er ganske kort avstand mellom bakhjula og framhjula til kvarandre. Å kome i god rytme var viktig, presiserer Elde.

Og kremen på kransekaka var den siste etappen - inn i Paris.

- Den var veldig flott. Vi sykla om lag tre mil langs nokre kanalar og alléar. Å få sykle inn på Place de la Concorde(enden av Champs-Élysées) var skikkeleg bra. Der stod også ein stor delegasjon med nære slektningar og vener som tok i mot oss.

- Leiaren fekk også klarert med trafikkpolitiet at vi fekk lov til å sykle opp Champs-Élysées som ei slags æresrunde - og det var flott det. Då visste vi at Tour de France kom til å sykle her to dagar seinare. Det var stemningsfylt, gliser 63-åringen.

«Norskesvingen»

Den norske delegasjonen kom fram til Paris på fredagen, slik at dei fekk seg ein kviledag på laurdag, før Tour de France-rittet kom på søndag.

Sett bort i frå sjølve turen og opplevingane langs vegen, var det ifølgje Elde noko av det mest minneverdige med opplegget.

- Vi stod i «norskesvingen». Der hadde vi også besøk av Dag Otto Lauritzen, som tok seg god til til å stå saman med oss og showa litt. Så det var ein veldig fin dag, sjølv om det vart litt sur vêr på søndagen. Det var absolutt ei oppleving, legg Elde vekt på.