Eirik Heltne, tidlegare Hødd-spelar som har vore innom Herd og Træff dei siste åra, var assistent til Daniel Kvalsvik si skoring då Bergsøy spelte 1-1 mot Stryn på Havila stadion i Fosnavåg laurdag. Heltne kom seg ned til dødlinja og slo eit flott innlegg til Kvalsvik, som heada ballen i mål.

Heltne spelte sin første kamp for 3.-div.-laget Bergsøy etter overgangen. Han erstattar ein annan tidlegare Hødd-spelar – Henrik Grimstad – som no er klar for 2.-divisjonslaget Brattvåg.

Mange ex-høddarar

Bergsøy har blitt eit lag med svært mange ex-høddarar. Av Bergsøy-spelarane laurdag – i tillegg til Heltne - har både Kjetil Paulsen, Øyvind Hagen, Andreas Kurset, Thomas Sætre Hauge og Daniel Kvalsvik vore innom Hødd tidlegare i karrieren.

Franjo Tepuric, som også har Hødd-bakgrunn, måtte stå over kampen på grunn av tre gulekort. Han har hatt eit tilbod frå Oslo-klubben Lyn, men Tepuric kunne fortelje Vikebladet Vestposten sin medarbeidar laurdag at han kjem til å halde fram i Bergsøy.

På Bergsøy-laget laurdag spelte også den tidlegare Hareid-spelaren Nikolai Røyset.

Kampen mot Stryn viste forresten at Bergsøy har sterkt behov for ein kraftspiss av Tepuric sin type.