– Det vil trekke folk, seier han i samtale med Møre-Nytt.

Kvistad viser til handlegata i Bodø, som i 1992 fekk tak over seg for å verne dei handlande mot vêr og vind. Gata ber i dag namnet «Glasshuset» - og glastaket skaper ei vernande atmosfære rundt gågata.

–   Det syder av liv og røre under taket. Der er vêrforholda sjølvsagt endå verre enn i Ørsta, men dei har fått til noko fantastisk unikt, seier Kvistad, som spør seg kvifor ein ikkje kan få til dette i ein bygdeby på Sunnmøre når dei får det til i Bodø.

Har vore foreslått på Hareid

Apropos glastak: Tidlegare kommuneingeniør i Hareid, Egil Myrene, lanserte i si tid eit glastak over den indre Kjøpmannsgata på Hareid.

Men det agnet beit ikkje politikarane på. Er det for seint med ei omregulering?