Bærum har hatt dei største sjansane i ein tett 1.-omgang i Obos-serie-kampen på Høddvoll i dag. Men stillinga er 1-1 etter at ex-høddar Tollås gav gjestane 1-0 i det 16. minutt. Hødd famla veldig i opninga, men kom seg til hektene utetter i omgangen og utlikna ved Steffen Moltu, som stanga et cornerinnlegg frå Aasbak kontant i mål. Eirik Ulland Andersen har hatt ei heading i tverrliggaren, men utover det er det likevel Bærum som har hatt flest sjansar i ein ujamn førsteomgang.

Bildet: Steffen Moltu stangar inn 1-1-utlikninga. Foto: Per Werkland.