Trebaatfestivalen skal ha ”kick-off” for frivillige på Den Gamle Nabo i Ulsteinvik, førstkomande torsdag. Karane i Ullaholm Båtklubb som neste veke arrangerer trebåtfestivalen for tiande gong, håper både gamle og nye frivillige kjem på frivilligmøte og får seg gratis pizza.

Trebaatfestivalen i Ulsteinvik har ekspandert kraftig siste åra, og det som ein trengte nokre få ekstra personar første åra til å gjennomføre, har blitt ein folkefest der det no er over femti frivillige involvert kvart år på ulike felt.

Etter mange år med festival har dei knytta til seg fleire personar som no har brei røynsle i å arrangere festival i Ulsteinvik. men dei treng enda fleire.

– Ja, nokre kjem og nokre går. Det er alltid nye frivillige kvart år, og ein oppdagar gode eigenskaper hos stadig nye frivillige,  smiler Tom Henrik Muggerud som har vore med på Trebaatfestivalen sidan starten.

– Ei hjelpande hand eller ei observerande vakt kan gjere mykje for totalbiletet på festivalen, ein treng ikkje å være ekspert på noko som helst, seier Tom Henrik.

– Det kan være nok med nokre få timar i forkant, under festivalen eller i etterkant for at festivalen kan bli nok ein suksess, seier han vidare.

Det viktigaste er å kunne ha moglegheit til å være tilstades når ein del viktige ting skal skje, og noko av arbeidet blir ofte planlagt i samråd med dei frivillige, og det kan ofte skje at kreative løysingar gjerne kjem opp der og då, og at det blir det som driv det heile framover, fortel Tom Henrik engasjert

– Vi treng hjelp til mykje rart, som til dømes: Utlegging og montering av flytebryggjer, opp og nedrigging av telt og utstyr, oppsetting av avgrensingsgjerde, elektrikar, vakthald under festivalen og, ta i mot gjestande båtar samt være parkeringsvakter, ramsar han opp.

Det som kanskje kan bli utfordringa i år er at dei relanserer sjøshowet «Ta Sjansen», og under dette arrangementet blir det erfaringsmessig stappfullt av skodelystne i sentrum. Mens arrangementet foregår treng festivalen ressurssterkt personell både til vakthald, trafikkavikling og personell ved rampen som går ut i sjøen.

Hadde lyst til å lage noko svært

– Vi hadde rett og slett lyst å lage til noko svært på heimstaden vår. Vi følte oss rimelig kreative første året, og kom opp med massevis av idear som vi fordelte utover fleire år. –-Berre det å invitere trebåtar frå fjern og nær til ein stad det stort sett berre var plastbåtar og offshoreskip blei gjenstand for grundig planlegging og gode idear, fortel pressesjefen.

– Når vi då etterkvart såg at festivalen blei berre større og større, så måtte vi ha hjelp utanfrå, det var heilt umulig å gjere alt sjølv lenger. Heldigvis så kom mange av folka av seg sjølv og baud oss hjelp.

– Det har vore fleire hundre menneske involvert i festivalen gjennom dei siste ti åra, eg skulle gjerne teke dei i handa alle i hop. Det er mange som har ressursar og glede ved å skape ting for lokalmiljøet. Dei står høgt i kurs her i garden, seier Tom Henrik entusiastisk.

– Sidan alt foregår på dugnad, så er det nok ikkje ”business” å være frivillig, men vi skal sørge for at dei som held på får mat og drikke, ein god porsjon moro og nyttige erfaringar, proklamerer Tom Henrik, som legg til at dette høver godt for både gammal og ung.

– Det er no tiande gong festivalen blir arrangert, og vi hadde aldri laga til festivalen hadde ikkje vi fått ei realt ”kick” av å drive med alt dette, seier han.

Årets festival er 12.–16. august.