Ni menneske omkom i ulykker med fritidsbåtar i juni og juli, den første sommaren med flytevestpåbud. Minst sju av dei brukte ikkje vest. Hadde dei hatt det, ville fleire av dei overlevd, meiner direktoratet.

– Vi er heilt sikre på at fleire av desse definitivt hadde overlevd dersom dei hadde brukt flytevest, seier fungerande sjøfartsdirektør Lars Alvestad til NRK.

Frå 1. mai i år har det vore påbode med bruk av flytevest for alle om bord i fritidsbåtar som er kortare enn 8 meter.

– Vi har kontrollert rundt 2.000 fritidsfartøyer. Av desse har vi berre reagert i 68 tilfelle, sa Ole Petter Parnemann til NRK i midten av juli. Han er ansvarleg for sjøtenesta i Politidirektoratet.