Politiet har fått sterk kritikk frå dei pårørande som følgje av etterforskinga etter brannen i eit bustadhus i Flusund i 2008, som kravde livet til fire unge menneske.

Spesialeininga for politisaker har no gjort seg ferdig med undersøkingane sine kring politiet sitt arbeid etter brannen, og har sendt si innstilling til hovudavdelinga på Hamar. Innstillinga er ikkje offentleg, men ein vil i løpet av dei neste vekene få vite om det blir påtale i saka. Det skriv Sunnmørsposten.

– Undersøkinga har først og fremst bestått av ein fullstendig gjennomgang av alt som er gjort av politidistriktet i saka. På den bakgrunnen har vi vurdert om det er sannsynleg for om det er gjort straffbare forhold, seier leiar Ellen Mjøs i etterforskingsavdeling Vest-Norge i Spesialeininga for politisaker til smp.no.