– Eg undrar meg over at politiet ved fleire høve nærmast har dyssa ned det at her eksisterer eit narkotikamiljø på Hareidlandet. Vi har heilt klart noko å ta tak i, og då må ein ta tak i ungdommane som er på veg inn i desse miljøa, seier Jenny Helen Korsnes.

Korsnes er tredje kandidat på Hareid Venstre si liste til kommunevalet i haust. Ho meiner politikarane ikkje kan sitte stille og sjå på at ungdom blir rekrutterte inn i narkotikamiljøa. I mange år har Jenny hatt eit arbeid som gjer at ho med førstehands kunnskap ser auken i narkotikamisbruk i Hareid og Ulstein, og korleis ungdommen blir «lokka» inn i fella. Ho er usikker på om foreldre i Hareid eigentleg er heilt klar over kor omfattande narkotikamiljøet er, og kor lett det er å få tak i narkotiske stoff på øya.

– Politikarar og foreldre må samarbeide betre med politi og helsetenesta for å hindre at nye ungdommar blir avhengige, seier ho.

Ungdommane er nøkkelen

Ho poengterer at ho ikkje sit på noko magisk løysing på det heile, men at ho trur nøkkelen er ungdommane sjølve.

– Eg vil spele ball til ungdommen, som eg vil høyre fortelje kva som må til for at rekrutteringa inn mot dette miljøet ikkje skal halde fram. Det er ikkje så enkelt som det var når eg var yngre. Då visste vi meir kven som hadde tilgang på det ein trengde, dei som visste kva som rørte seg. I dag er det mykje meir flytande kven som er involverte. Mange har tilgang til stoff, mange veit kven som kan skaffe dei det, noko som er utruleg synd, seier Korsnes og legg til:

– Før var det gjerne slik at dei som ikkje var så skuleflinke, dei som følte at dei blei godtekne i slike miljø, også blei ein del av det. I dag kan kven som helst bli ein del av slike miljø. Høgst oppegåande ungdom, trass i god oppvekst eller ikkje, blir ein del av desse miljøa. Det verkar som om illegal rus har blitt så ufarleggjort at denne type rus meir eller mindre er påkravd i enkelte kretsar.

Dette har blitt ei av dei verkelege kampsakene for Korsnes.

– Svaret på korleis vi som samfunn kan hjelpe ungdommar som er på veg inn i slike miljø er det ungdommane sjølve som sit på. Det er det vi i Hareid Venstre ønskjer å vite, og det å hindre auka rekruttering inn mot narkotikamiljøet er ei av mine kampsaker.

Må auke kunnskapen

Aktivitetar, og det at ungdommane i kommunane har nok av dei, er også ein faktor.

– Det heng sjølvsagt mykje i hop med dei aktivitetane ungdommane har, eller ikkje har. Eg vil rose til dømes Fantehuset. Her er det ungdommane sjølve som har etablert eit flott miljø for ungdom på Hareid. Vi må for all del halde fram med slike gode og positive tiltak.

Korsnes meiner også at politikarane for framtida vår må leggje til rette for førebyggjande arbeid parallelt med aktivt arbeid i det eksisterande rusmiljøet. Politi, helseteneste, sosialteneste og kommuneleiinga må samarbeide tett.

Ho ser at eit slikt samarbeid på sikt vil vere ei økonomisk vinning for kommunen.

– Kunnskap om dagens situasjon må gjerne bli «allkunne» slik at vi som politikarar kan ta fatt i utfordringa – det er vår plikt og det hastar!, seier Korsnes til slutt.