I juli gjekk talet på omsette eigedomar ned til 93, etter at talet for juni var heilt oppe i 118 for Ulstein, Hareid, Herøy og Sande.

Juli skil seg likevel frå juni ved at det vart omsett fleire eigedomar for høgare summar. Medan det gjekk seks eigedomar i juni til meir enn 3 millionar kroner var talet 16 i juli, og seks eigedomar gjekk for meir enn 4 millionar kroner.

I Hareid vart det omsett 18 eigedomar i løpet av juli, medan 34 eigedomar skifta eigar i Ulstein. I Herøy var talet 33, og ni vart omsett i Sande.

Les også: Oppsving i juni

Les også: Herøy omsette mest i mai.

Les også: Sjå alle eigedomane som er selt sidan 2005.

Les også: Her er dei dyraste bustadane.

Les også: Heitast i Ulsteinvik

Les også: Fritidsvinnarar på Sandsøya

Les også: Desse vart selde

Forklaring til kartet: Kvar sirkel viser kor mange eigedomar som er selt i eit område. Klikk på sirkelen for ei meir detaljert visning. Du kan også klikke deg inn på kvar einskild eigedom for å få historikk. Du kan velje å nytte ei kartvisning eller du kan sjå flyfoto over området ved å trykke på firkanten på høgresida i toppen av biletet.