Jeyuran Vijayratnam kom som einsleg asylsøkjar til Hareid for 12 år sidan. Han håper ungdomane som no kjem, får like god mottaking på Hareid som han sjølv fekk.

Mange regionen kjenner nok Jeyuran best som «Laksan». Han har no blitt 26 år gammal og har utdanna seg til helsefagarbeidar, og jobbar i heimesjukepleien. Han driv si eiga nettavis, og har inntil nyleg også drive sin eigen Asia-matbutikk.

- Eg starta Sunnmøre Folkebutikk på Hareid i februar 2012. Men omsetninga vart for lita. Derfor la eg ned, forklarer han.

- Takka vere god mottaking i Hareid, og god hjelp frå mange tamilske og norske venner som har støtta meg, har eg fått eit godt liv. Eg håper det same for dei unge einslege asylsøkjarane som kjem til Hareid no, seier Jeyuran, som håper å få fast plass for Venstre i kommunestyret til hausten.

Sjølv om Jeyuran hadde ein vanskeleg sart på livet i eit krigsherja land, er han eit døme på at livet kan bli godt etter kvart. I sommar var han på Sri Lanka og forlova seg med kjærasten sin, og ventar på at ho skal kome til Hareid om ikkje så lenge.

- Viktig med god integreringspolitikk

Men det var mottakinga på Hareid som var avgjerande for at historia om ein ung gut på flukt skulle ende så godt.

Når han no ser dei unge asylsøkjarane som bur på mottaket på Hareid, tenkjer han at det er viktig at storsamfunnet legg til rette for at også desse kan få eit godt liv. Lære norsk, bli integrerte og gjere nytte for seg i arbeidslivet. Han har sterkt ynskje om å vere med på det arbeidet gjennom lokalpolitikken. Han har vore vara for Venstre si kommunestyregruppe i denne perioden. No stiller han på fjerdeplass på Venstre-lista til valet, og håper på å få så mykje tillit frå folket i Hareid at han får fast kommunestyreplass.

Oppteken av eldrepolitikk

Ein av grunnane til at Jeyuran utdanna seg til helsefagarbeidar er at han er levande oppteken av korleis dei eldre i heimkommunen hans har det. Han meiner det framleis er grep kommunen må ta for å få ei endå betre eldreomsorg. Mellom anna meiner han at kommunen må ha fleire læringplassar for å sikre ei god rekruttering til yrket.

- Det er viktig å ha gode folk på plass for å kunne gi ei god eldreomsorg, seier han. Jeyuran er også oppteken av at Kontakten Dagsenter for psykisk sjuke, skal vere ope kvar dag for folk som treng ein stad å møtast.