Hareid kommune har sendt ut eit skriv til bedrifter og andre som kan vere interessert i å delta i eit opplegg med utvinning av varme frå havet.

I første omgang er det snakk om ei kartlegging av aktuelle kandidatar.

– Det ligg mykje ubrukt energi i havet, skriv kommunalleiar Geir Egil Myklebust og viser til føremålet til samarbeidspartnaren Enova: å fremje ei miljøvennleg omlegging av energibruken.

– Hareid har havet som næraste nabo. Eit fjordvarmeanlegg på Hareid vil kunne gi rein og fornybar energi til både verksemder, offentlege bygg og private bustader. Eit fjernvarmeanlegg basert på termisk energi frå sjø kan gi både varme og kjøling, heiter det.

– Look to Eid!

Ulstein har som kjent alt etablert eit slikt fjernvarmeanlegg, men i skrivet frå Hareid kommune blir det vist spesielt til Eid  kommune i Nordfjord. Der har Magne Hjelle, leiar for Fjordvarme AS, teke imot prisen som «Årets Varmepumpekommune 2011» på vegner av kommunen.  Det har fått til eit kaldevatn-distribusjonssystem som er varmekjelde for varmepumper. Dei leverer miljøvennleg oppvarming og kjøling til bygg i heile Nordfjordeid sentrum. Den samla ytinga til dei 35 varmepumpene er på 2,5 MW.

Bruken av sjøvatn som energikjelde foregår ved at vatnet blir pumpa opp til ein vekslingssentral like ved sjøkanten. Der blir sjøvatnet veksla mot ferskvatn, som blir sendt rundt til dei ulike sentralane.