Kjell M. Fagerlund og Per Arne Pedersen har vore med i samtlege utgåver av Nordvest Maraton sidan starten i 1991. For det fekk dei kvar sin pokal etter at NV Maraton nr 25 var i hamn laurdag.

Per Arne Pedersen sine bestetider i NV Maraton er 3.29.04 frå 1998 på full distanse og 1.35.32 (1997) på halv distanse. Fagrelund har 3.53.45 på full distanse i 2008 og 1.37.14 på halv distanse i 1998.

I år deltok begge på halv distanse. Løpet gjekk i varmt vêr (nesten 25 grader) i den nye traseen med start og mål på Hareid stadion.

Dagens vinnarar på full distanse for menn var Helge Hafsås frå Olden med 2.56.14, medan dansk-romerikingen  Louise Skak vann kvinneklassa på 3.25.18.

På halv distanse vann Petter Gustafsson frå Skodje herreklassa på 1.22.05, medan Laura Sendruite vann kvinneklassa på 1.57.42.

Arlen Rønning Eid frå Hødd senka atter ein gong den personlege NV-rekorden sin på full distanse då ho kom i mål på 4.02.01. Det var nesten fem minutt under den tidlegare NV-rekorden hennar frå 2014.

Løpet hadde i år 8 deltakarar på full distanse og 33 på halv. Deltakartalet på full distanse er det lågaste som har vore.

Inge Asbjørn Haugen spurtvann i sitt 502. maratonløp

Premieseremonien på Hareid klubbhus var alt i gang då det var i ferd med å utarte seg til ein spurtduell mellom dei som kom seinast inn til mål borte på stadion. Per Maurset var ferd med å fullføre halv distanse medan Inge Asbjørn Haugen var i ferd med å fullføre sitt 502. heilmaratonløp. Haugen nærma seg styggfort bakfrå, og om lag femti meter før mål la han inn eit overraskande rykk. Maurset svara prompte og det vart ein spennande duell fram mot målstreken, der Haugen - som no tilsaman har løpt over 2.000 mil som maratonløpar - var så vidt fremst.

Spurten hans vart bejubla av dei andre deltakarane, som stod og såg på frå andre høgda i klubbhuset.

Resultat:

HEILMARATON

Kvinner:

35-39 år:

Louise Skak 3.25.18

40-44 år:

Arlen Rønning Eid 4.02.01

50-54 år:

Tove E. Dybvad 4.47.49

Menn:

40-44 år:

Marcus Vedeler 4.50.47

45-49 år:

Helge Hafsås 2.56.14

50-54 år:

Odd Gunnar Tveit 3.46.24

55-59 år:

Geir Råheim 3.38.40

60–64 år:

Inge Asbjørn Haugen 4.19.18

HALVMARATON

Kvinner:

17-34 år:

Laura Sendriute 1.57.42.

Synnøve Kathrin Farstad 2.25.59

45-49 år:

Marit Lillestøl 02.08.24

50-54 år:

Irene Rødseth 02.08.05

60-64 år:

Torunn Anita Kjerstad 1.57.50

Menn:

17-34 år:

Petter Gustafsson 1.22.05

Martin Hauge-Nilsen 1.23.07

Olger Breivik Pedersen 1.28.14

Andreas Røren 1.51.51

Martin Ingjerd 1.54.31

Michal Mlynarczyk 1.55.17

Morten Andersen 1.55.44

Ingi Bogi Hrafnsson 2.19.42

35-39år:

Joar Moldskred 1.30.04

Hilmar Kråkenes 1.30.56

John-Rune Lillebø 1.49.20

Adam Mlodzinski 02.09.30

40-44 år:

Jan Endre Rise 1.31.12

Ken Anderson 1.53.06

45-49 år:

Inge Johnny Hide 1.42.21

Bjørn Helland 1.50.53

50-54 år:

Andersson, Thomas 1.44.00

Helge Kroken 02.03.13

55-59 år:

Einar Strand 1.41.33

Egil Arne Standal 1.45.57

60-64 år:

Knut Skaar 1.32.31

Odd Arne Holstad 1.48.58

Øistein Øien 1.49.14

Marino Øien 1.58.16

Per Arne Pedersen 02.07.42

65-69 år:

Kjell M Fagerlund 02.02.43

Per Maurset 2.34.18

70 + år:

Atle Nytun 1.50.03

Tore Mundal 2.00.14

Per Gundersen 2.13.11

Inge Asbjørn Haugen (i raudt) sprang sitt maratonløp nr 502 - og vann overraskingsspurten mot Per Maurset. Til v.: Kristian Angelsen (tidtakar).