I morgontimane måndag er det fleire som har merka seg at det no er tre ferjer på sambandet Hareid-Sulesund. Ferjesjef i Norled, Inge André Utåker, er glad for at MF "Høgsfjord" er på plass.

- Dette er kjekt, og eg trur pendlarane og andre som reiser over sambandet også likar dette godt, seier Utåker til Vikebladet Vestposten.

At ei tredje ferje no er på plass, i tida når dei aller fleste er tilbake frå ferie, kan også gi ferjeselskapet meir arbeidsro. Utåker innrømmer at det har vore eit tøft halvår.

- Dette var ei løysing som heilt klart var sterkt ønskjeleg både av det regionale næringslivet og folket. Det har vore mykje styr det første halvåret i år, og vi er nøgde med å kunne auke kapasiteten.

Seglande reserveferje

Ferjesjefen føler samstundes det er viktig å påpeike at denne tredje ferja vil måtte hjelpe til i andre samband, dersom noko skulle skje der.

- Det er ei seglande reserveferje. Når vi har behov, for eksempel dersom ei ferje i eit anna samband må til reparasjon, så er det denne båten som må inn. Det er jo ein ulempe, men det er slik avtalen vi har gjort lyder, seier Utåker.

Dette gjeld til dømes sambandet Årvik-Koparnes. Dersom ferja som går der, MF "Ølen", må til reparasjon, så er det MF "Høgsfjord" som må inn.

- Det vil kome ei ny ferje der i løpet av vinteren, MF "Sand". Då blir det MF "Ølen" som går over til å bli reserveferje også for dei andre sambanda, og MF "Høgsfjord" blir ei fullverdig tredje ferje på Hareid-Sulesund.

Redusert kapasitet allereie på fredag

Utåker fortel også at det allereie førstkomande fredag vil bli redusert kapasitet i sambandet Hareid-Sulesund.

-Det er mykje som tyder på vi må ta ut Ullensvang for eit planlagt vedlikehald. I slutten av januar rauk ei kopling i motoren på Ullensvang. Den var ute i fleire dagar, og ein måtte setje inn ei midlertidig kopling då. No får vi endeleg sett inn ei ny ei, etter å ha venta på dei rette delane i lang tid. Det blir, seier Inge André Utåker til slutt.