Knut Hjelle frå Hareid blir med i det første Nomio-programmet i TV-serien til NRK1.

Nomiino er ein TV-serie om namn, og i denne episoden får sjåarane møte fleire nordmenn som av ulike grunnar har bytta namn.

Ein av dei er altså Knut Hjelle.

I TV-reportasjen får sjåarane møte Knut som lærar ved Ulstein ungdomsskule, og både nokre av elevane og kollegaene hans blir med på TV.

- Knut fortel ei sterk historie, og alle dei som synest folk som byter fornamn er raringar, vil nok endre meining etter å ha sett reportasjen. Knut Hjelle lyfter heile episoden opp på eit nivå som gjer oss takksame for at han ville vere med, seier journalist Gøril Grov Sørdal.

Det var Vikebladet Vestposten som først skreiv om at Mardon Hjelle hadde blitt til Knut Hjelle, og NRK1 skal også vise til kjelda.